Det heile starta sjølvsagt med at vi køyrde feil, og måtte ta ein omveg via eit vegarbeidsprosjekt og to rundkøyringar før vi var attende på riktig spor. Når vi endeleg fann fram skulle vi bære alle leir-effektene til Frank ned til plassen, for planen var å bruke heile dagen og natta der om det skulle bli naudsynt. Eg gjekk fyrst, med eit heilt lass. Eg gjekk opp på jordvollen og fylgde grusvegen nedover, og like ved eit skilt som omhandla nettopp fisking, såg eg ein velbrukt sti som tok av til venstre, og rett fram mellom ein kornåker og eit kratt. Eg resonnerte meg dit hen, at det var usannsynleg at denne stien var blitt opptrakka av nokon andre enn nettopp artsfiskarar, og at dette måtte være vegen til Dynovika. Dette viste seg å ikkje være heilt korrekt. Faktisk var det langt i frå korrekt. Når eg innsåg feilen hadde eg gått så langt at eg ikkje orka tanken på retur, og sette kursen gjennom eit gjengrott kratt for å ta ein "snarveg" i luftlinje til rette plassen. Endå ei feilvurdering. Når eg omsider såg dagslyset igjen, måtte eg atter ein gong, som ved Einedammen, forsere det som virka å være ein vekkgøymd, men meget tettplanta åker med brennesler. Når eg kom opp på vegen igjen hadde eg flytta meg kanskje 10 meter, og etter 10 nye meter, såg eg destinasjonen.
| Reinen norwegischen Natur pur. Wunderbar! (Foto: Sindre Bøe) |
| Ein kan godt klage på vasskvaliteten i Dyno, men ikkje på vêret. (Sindre Bøe) |
Det sto allereie eit par polakkar(?) og fiska når vi kom, som bytta på å denge ein wobbler i straumen frå slusa. Ein av dei mista fisk (asp) mens vi var der, men hadde allereie kakka ein på rundt 2 kg til middag...? Forhåpningane vart ikje mindre av at det med omlag 30 sekunds mellomrom var store aspeplask 2-3 meter frå land, så lauene regelrett spruta overalt. Eg tenkte det var greit å starte med laua, i alle fall til polakken var ferdig og vi fekk plassen for oss sjølve. Laue skulle være lett, og det var det... heldigvis. Med same metode som sørven, lett dupp, 14-krok og halv mais tok eg denne. Faktisk den einaste laua eg fekk den dagen. Og på turen. Og hittil i livet.
| Art #75 - Laue (Alburnus alburnus) 8,3 gram og 11,5cm. Lett soltørka. (Foto: Frank Sande) |
| Art #76 - Flire (Blicca bjoerkna) 110 gram og 21,5 cm. (Foto: Frank Sande) |
Eg har blitt fortalt at om ein fiskar lenge nok etter dei andre artane, så kjem horken av seg sjølv til slutt. Eg stolte ikkje på dette, og la spesifikt ut hork-våpen nummer éin, nemleg meitemark på 14-krok, på botnen. Eg merka ikkje at fisken var der før eg skulle skifte agnet.
| Sylskarpt bilete av skjegg, med uklar fisk foran. Art #77 - Hork (Gymnocephalus cernuus) 9,23 gram og 10cm. (Foto: sikkert Frank) |
![]() |
| Ida, åtte timar for sein. (Foto: Frank Sande) |
I ein uoppmerksom augeblenk tek Ida stanga som Frank har brukt i heile dag, og tek eit par-tre kast. Sidan ho åpenbart ikkje kan sveive på skikkelig vis, blir ho fort lei, og legg ned stanga ved lensa. I same bevegelse smell det på... ja... du gjetta riktig...
"Oioioi! Er det bra? Er det den fisken du har fiska etter? Ny art på meg whohoo! Hahah!"
Ho må ha sveiva den inn med handflata, så det var flaks at det berre var snakk om maks eit par meter før den låg i håven. Å posere var ikkje heilt lett det heller, men vi fann ei halvgod løysing.
| Asp (Aspius aspius) 1,85kg, og ny art for Ida! (Foto: Sindre Bøe) |
På dette tidspunktet vippa Frank over frå irritert til direkte sint. Og det er jo litt lov å bli sint. Eg var jo misunneleg eg òg, sjølvsagt, men eg godta meg når Ida godta seg og Frank var sint. Eg er litt sadist slik. Andres ulukke er andres underholdning. I alle fall til ei viss grad. Skadefryd er òg fryd. Etter ein time fekk han heldigvis ein ny art han òg. Sjeldan har vel ein mann blitt så glad for ei flire.
![]() |
| Art #60 på Frank, Flire på 102 gram. (Foto: Ida Elisabeth Finstad) |
Eller.. glad og glad. Det er ikkje godt å sei. Han var ikkje god å sjå bak fisken, solbrillene og den snasne half capsen sin. Hadde han berre brukt den når han fekk #58 dagen før, så skulle den fått passere som ein kul effekt, men ikkje no. Og aldri igjen.
Vinden tok seg litt opp, og gjorde det vanskelegare med dupp og denslags. Heilt inne ved graskanten fekk eg likevel ein sak (også den på mark) som måtte ein tur på internett før eg fekk identifisert den. Eg synes den såg ny ut, men kva art?... Tja...sei det? Sunnmøringar veit som kjent like lite om karpefisk, som karpefisk veit om sunnmøringar. Nettpanelet kom likevel fram til at det her var snakk om... *trommevirvel*...
| Art #78 - Vederbuk (Leuciscus idus) 35 gram, 14,7cm (Foto: Frank Sande) |
Dette var jo ikkje ein art eg hadde planlagt å få her, og etter det eg har forstått er det ikkje ein av "standard-artane" som var like "bankers" på denne plassen. Eg rekna det då for å være éin art i pluss, som vôg opp for ørekyta vi aldri fekk på Drengsrud tidligare på dagen.
Når eg drog av meg kleda for tradisjonell feiring i bar overkropp, kom det fram at eg muligens hadde gløymt av ein kroppsdel når eg påførte solkrem denne dagen.
| Certified redneck med capsmerke og arr. (Foto: Ida Elisabeth Finstad) |
Utover kvelden fekk eg litt hyppigare fisk, men ingen nye. Det gjekk stort sett i små flirer, og eg persa tre gongar med 130, 150 og 190 gram. Den sistnevnte var overraskande nok klubbrekord. Når klokka nærma seg midnatt var det Frank sin tur til å ta hevn. Med ein alt for liten krok og eit maiskorn heilt inne i "fjøra", fekk han eit eksemplar av Dynovikas fagre beitande ku, brasma.
![]() |
| #61 - Brasme (Abramis brama), og med eitt var Frank glad igjen. (overraskande kornete foto: Sindre Bøe) |
Plutseleg skulle eg bli den misunnelege. Eller, i starten var eg jo gira, og trudde at mi fyrste brasme var like rundt hjørnet. Først etter at Frank hadde fått tre stk., byrja eg å ane at dette skulle bli ein hat-art. Sidan eg fiska med mark, var Frank viss om at det var marken som skremte vekk brasmene. Eg prøvde så godt eg kunne å tenke rasjonelt, og avfeia det heile som slump. Eg hadde nemleg blitt fortalt at nettopp mark var det beste agnet. Til slutt prøvde eg med ein mark/mais-kombo, men det virka ikkje det heller. Til slutt kasta eg fornufta, knakk saman, og prøvde Frank-metoden med eit einsleg maiskorn. Til inga nytte. Eg hadde kasta fornufta fånyttes...
Resten av natta var begredelige greier. Vi fekk aldri asp, men det kom ein kar som kasta ein times tid. Han fekk asp. Det næraste vi kom gjørs, var ein daud og halvspist ein som låg i vasskanten. Sjølv om vi både meita og fiska aktivt. Eg fekk aldri brasme. Frank fekk ein liten abbor, trur han trakka på den, og vi fekk to besøk av ein vektarbil. Resten av natta og morgonen kan oppsummerast med nokre få bilete:
| Flire-selfie (Foto: Sindre Bøe) |
| Varm natt"mat". (Foto: Sindre Bøe) |
![]() |
| Endå meir resultatlaus slukdenging. (Foto: Frank Sande) |
Og sist (men ikkje minst)...
| Mild sumpfot, str. 46. (Foto: Frank Sande) |
Klokka var bikka 6 før vi gav oss, og morgonbettet merka vi ingenting av. Det hadde kanskje teke av om vi hadde venta litt, men mangelen på søvn hadde innhenta oss. Frank hadde allereie funne ut at både bakken og vinden i Dyno var ueigna for tolvmanns-teltet, så vi bestemte oss for å køyre til Son og overnatte hjå familien Finstad. Klokka 8 gjekk lyset for meg, og Frank?... han fekk ikkje sove noko særleg. For lyst...
Då var dette kapitlet i Sindre og Franks artsturné kome til veis ende. Neste (og siste!) kapittel i sagaen vil kunne by på endå meir gripande stoff om det harde livet langs landevegen! Nokre stikkord:
Då var dette kapitlet i Sindre og Franks artsturné kome til veis ende. Neste (og siste!) kapittel i sagaen vil kunne by på endå meir gripande stoff om det harde livet langs landevegen! Nokre stikkord:
Endå meir brennesler!
Endå tettare kratt!





Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar